SFE Florø Maraton Rett Vest 2020 – er dessverre avlyst for mosjonistar på alle nivå, unge og gamle.

Alle løypene har start og mål på Florø stadion.


Av praktiske årsaker vert påmelding til Barneløpet her stengt (på internett) fredag kveld 25/9 kl. 22.00. Dette pga av problem med dette tidlegare år på løpsdagen. Det fordi at er mange som ønskjer å melde seg på like før start, og det blir STORE problem med kø på grunn av dette. Derfor åpnar vi «manuell» påmelding (kr. 100, kontant eller med VIPPS) ved frammøte til Kongleløpet, frå laurdag morgon kl. 09.00 på Klubbhuset (nordaust av Florø stadion).

Friidrettstinget 2013 vedtok å innføre friidrettslisens for alle friidrettsarrangement i regi av klubbar i Norges Friidrettsforbund frå 01.01.2014, for alle mellom 13 og 80 år. Les meir om det her (link til friidrett.no).

Derfor må alle over 13 år, og under 80 år, betale startlisens, enten ved å betale heilårslisens på førehand, eller ved å betale eingongslisens ved påmelding.
Eingongslisensen er kr. 30 for 5 km og 10 km, og kr 40 for 21 km og 42 km.
Dette vert – i tillegg til eit gebyr på kr. 15 – lagt til dei vanlege startpengane før ein kan fullføre påmelding.
Det gjeld berre for dei som er 13 år og eldre.

Rabatt for startkontingenten:

KONDIS-medlemmar: for 42 km og 21 km – kr 80,- kan trekkjast ifrå.
KONDIS-medlemmar: for 10 km og 5 km – kr 40,- kan trekkjast ifrå.
Medlemsnummeret må registerast nederst ved påmelding. Førenamn og etternamn må skrivast eksakt på same måten som i KONDIS sitt medlemsregister.

Tidtaking med tidtakingsbrikker

Alle som deltek i konkurranseklassane skal ha på seg ei EmiTag-brikke/chip. Denne skal festast med medfølgjande borrelåsband rundt eine armen.
Straks etter målpassering skal ein av våre funksjonærar ta den av. Mista eller ødelagt Emitag-brikke må erstattast.

Underveis i løpet vert det automatisk registrert mellomtider i vendepunktet i 10km-sløyfa, og like før mål. OG det vert automatisk registrering av slutt-tid ved målpassering. Mellom-tidene og sluttidene vert automatisk tilgjengelege på EQtiming si heimeside.

Kontaktperson:
Stemneleiar:
Oddvar Kjell Grotle,
oddvargrotle @gmail.com
97158513 (mobil).
Informasjon om påmelding:
Oddvar Kjell Grotle, Keilevegen 29,
6900 FLORØ
oddvargrotle @gmail.com
97158513 (mobil).

Premiering
Deltakarmedalje til alle som fullfører. Eigen 35-års, 30-års-, 25-års, 20-års-, 15-års premie, og Rett Vest-gnomen til 10-årsjubilantar.
Ekstrapremie til beste mann og beste kvinne på alle distansar.

Premiering i konkurranseklassane:
1.-3. plass for dei yngste, opp til 20 år, deretter kun 1. premie.

OBS!! Uavhenta premiar vert ikkje ettersende.

Praktiske opplysningar

Premieutdeling for alle distansar, i rekkefølgja 5km – 10 km – halvmaraton – maraton
Også utdeling til 35-, 30-, 25-, 20-, 15-, og 10-årsjubilantar.

For Maraton.
Vi ber dei som reknar med å bruke meir enn 4,5 (fire og ein halv) timar på maraton, om å starte 1 til 2 timer før (før kl. 11.00).
Meld frå om det til Oddvar Grotle, til oddvargrotle@ gmail.com, eller til mobil 97158513.