Andre runde av Florøleikane i 2021, vart arrangerte på Florø stadion onsdag 25. august.

Øvingar:

60m – lengde   – liten ball (8-10år) – kule (11-15 år) – 200m

Alder: 8-14 år (yngre kan delta i klasse 8 år) + Junior (15-19 år) + senior

Dersom eldre utøvarar ønskjer å delta i øvingar som ikkje står i programmet, må ein ta kontakt, så vil vi prøve å få legge desse til.

Tre forsøk i lengde og liten ball for 8-10 år.
Fire forsøk i lengde og kule for 11-14 år. Seks forsøk for junior + senior.

Påmelding innan måndag 23. august kl. 23.59
Link til påmelding er her: Webdeler (nif.no)

Pris: kr. 40 pr.øving for 8- 14 år, kr. 50 pr øving for junior og senior.

Premiering:

Deltakarpremiar til 8, 9 og 10 år. Premiering frå og med 11år.
Fine ekstrapremiar for dei som gjennomfører begge rundane.

Innmelding i FTIF her: https://minidrett.nif.no/