Vi har for 38. gong gleda av å invitere til løpsfest i FLORØ – 6. april 2019

Gjer som mange andre, kom og møt våren i Florø!

Florø Maraton Rett Vest er for mosjonistar på alle nivå, unge og gamle. Alle som fullfører får deltakarmedalje.

TRASÉANE

Traséane var i åra 2014-2016 varierande, på grunn av vegarbeide.
Men frå 2017 har vi hatt dei same traséane.

Kart som viser traséane

SFE Florø Maraton Rett Vest er med i KONDIS si kvalitetsløpsordning.

Konkurranseløparane skal ha på seg ein chip, ein såkalla EMItag, som fører til at ein vert automatisk registrert ved passering av mål. Denne skal festast rundt eine armen/foten med medfølgjande borrelåsband. Elles vert det også automatisk registrering ved passering av vendepunktet for 10km-sløyfa, og litt før innkomsten til stadion.

Det må betalast deltakarlisens for alle over 12 år som deltek i mosjonsløp. Dette vart bestemt av Friidrettstinget 2013 (sjå meir om dette på infosida).

Vi har følgjande distansar – sjå løypene på Google Maps:

 11:00 Maraton 195m først + 5x400m + 4 x 10km over 17 år
 12:00 Barneløpet (ca. 2km) Frå Stadion rundt Lisjeåsen under 12 år
 13:00 Halvmaraton 297,5m først + 2x400m + 2 x 10km over 17 år
 13:30 SFE-mila – 10km Tur-retur Stadion – Solheim over 12 år
 13:45 5km Tur-retur Stadion – Krokane over 12 år