Motbakkeløpet Åsen Opp i Florø
Åsen opp frå media
Åsen Opp 2010

Åsen Opp 2005

Åsen Opp 2004

Motbakkeløpet Åsen Opp i Florø
Bakgrunnen for Åsen Opp i Florø
https://www.ftif.no/aasenopp/grx/bakg.jpg

Fleire personar uavhengig av kvarandre i Flora har i fleire år snakka og diskutert ulike former for eit løp opp på Brandsøyåsen 286 m.o.h.

Forholda ligg ypparleg til rette. Det går mange ulike løyper og trasear opp, og dessutan ein asfaltert veg. På toppen er det tilgang på straum. Ein kan ha start ulike stader alt etter kva type løp ein ønskjer seg: frå Krokane, Solheim, Brandsøy eller Torvmyrane. Det har også vore diskutert eit sykkelløp frå bommen og opp den asfalterte vegen. Flest folk går tur frå Krokane og Torvmyrane og opp, og det er denne hovudturløypa kommunen skal ruste opp. Merkemessig vil kanskje denne traseen vere verst i samband med eit løp. Andre stiar vil truleg langt på veg vere enklare å merke, som frå Solheim eller Brandsøy. Desse stiane vert også mykje brukt. Men det er eit poeng å få eit litt lengre løp, og dessutan ha god tilgang på parkering og garderobe.

Opprusting av stien:
Flora kommune har fått 70 000 kroner som er nytta til å oppgradere turstien frå Torvmyrane til Brandsøyåsen.

Motbakkeløpet Åsen Opp i Florø
Referat Åsen Opp 2005
https://www.ftif.no/aasenopp/grx/po.jpg
Velkommen til Åsen Opp i FlorøReferat Åsen Opp 2005Heimefavoritt vann Åsen Opp 2005

Det vart ein vellukka Åsen Opp laurdag 28. mai 2005. Mange tok turen opp på toppen (292 moh) berre for å sjå på og kjøpe vaflar og kose seg, og mange deltok også i trimklassa til det 2,6 km lange løpet. I konkurranseklassa var det i år dobbelt så mange deltakarar som første gongen i fjor, og Jan Arve Solheim frå Florø vann på tida 15.02, med fall. Men Solheim var berre seks sekund føre fjorårsvinnaren Magnus Sundal frå Florø/Sundal. I kvinneklassa tok Norunn Stavø sitt andre napp i Firdapostens vandrepokal med tida 18.56. Stavø var einaste kvinne under 20 min.

134 stilte opp totalt, 76 i konkurranse og 58 i trimklassa.

Det var lettskya pent ver og kring 15 varmegrader og fine løpsforhold sjølv om løypa enkelte stader var litt blaut. I desse våte partia er det om å gjere å vite kvar steinane og dei tørre tuene ligg henne, noko Solheim og Sundal og andre heimefavorittar har ein fordel av. Til dømes fekk den svært sterke løparen Brynulf Vonen frå Bergen/Varegg tida 15.46, og kjem nok sterkare tilbake med nokre fleire turar opp på åsen. Det same gjer nok også Arve Rindal frå Nordfjordeid og Asgeir Årdal frå Skei som begge fekk den gode tida 15.30, første gongen dei sprang opp på Brandsøyåsen.

Desse to fekk delt andreplass i den harde 20 til 39 års klassen, bak Magnus Sundal på 15.08. Elles valde arrangørane individuell start, noko som gav ryddige løpsforhold.

Terrengløpet ÅSEN OPP er 2 577 meter langt, men i tillegg skal du opp 280 høgdemeter.

Jon H. Sørland