Flora kommune sponsar grus
ÅSEN OPP 2007: Noko av det siste Øyvind Rotnes gjer som tenesteleiar for bad og idrett i Flora kommune, er å ordne med meir grus til stien opp til Brandsøyåsen. 1. juni går Rotnes over i ny stilling i Kristiansand kommune.

- Vi har kjøpt inn ein del grus til kastebana og nokre andre stadar, og då tok vi med grus til Brandsøyåsen i same slengen. Arbeidet med å ruste opp stien til Brandsøyåsen er av det viktigaste ein gjer. Her er det mykje folkehelse i kvar krone, seier Rotnes.

Sist stien mot Brandsøyåsen vart rusta opp, var hausten 2004, i samband med det første Åsen Opp-arrangementet. Då gjekk det med 200 000 kr tilgravemaskin, helikopter, duk og grus. Stien vart mykje betre, men mykje står att. 70 000 kr var tippemidlar, 130 000 kr var bidrag frå Flora kommune.