Julnes gir 20 000 til stien
ÅSEN OPP 2007: - Dette vert min måte å hjelpe til på for å oppgradere stien. Eg er snart den som slit ut denne stien mest, seier Knut Julnes til Firdaposten. Julnes går kvar dag går ein tur på Brandsøyåsen om han er i Florø.

Pengane vert øyremerkt helikopterflyging av grus til stien.

Meininga er at grusen skal nyttast på dei mest nedtrakka og gjørmete stadane frå Litlevarden og opp til toppen. Årleg går Knut Julnes kring 360 turar på Brandsøyåsen. Sia 2001 har florømannen 2300 turar på åsen. Summerer du vert det 644 000 høgdemeter til saman. Dei 20 000 kronene vert formelt gjevne av selskapa Julnes Eigedom og Allbygg med 10 000 kr på kvar.