|
|


|
|
ÅSEN OPP 2007: I samband med årets Åsen Opp-løp vert det dugnad på stien til Brandsøyåsen nokre tysdagar framover. Det har vore gjennomført to dugnadar allereie, og stien nedanfor ballbingen er allereie vorte synleg mykje betre. Her var stien veldig slitt.
Neste dugnad vert tysdag 15. mai
- Oppmøte er ved ballbingen/parkeringsplassen ved Torvmyrane skule kl 17.00, seier løypemeister Jan Arve Solheim. Solheim vonar mange vil kome og ta i eit tak for å ruste opp den mykje brukte turstien.
Etter at Åsen Opp-løpet vart starta opp har stien til Brandsøyåsen fått eit stort løft, men er også prega av slitasje. Derfor er det heilt naudsynt med vøling og veiting.
- Ta med høveleg reiskap som spade, hakke, øks, grafse, hammar og spikar, seier han.
Det er tinga helikopter, men dette kan ikkje kome før etter årets løp. Derfor vert det også lagt opp til dugnad tysdag 22. mai, og den dagen helikopteret kjem.
- Så langt har det møtte mellom 5 og 8 personar til dugnad, men vi hadde helst sett at det møtte 10 eller fleire personar til dugnad på den mest brukte turstien i Flora, seier løypemeisteren.
.
|
|