1000 på Brandsøyåsen kvar veke
ÅSEN OPP 2007: Registreringsboka til Flora Turlag viser at det kvar i april har gått 1000 personar på Brandsøyåsen. Enkelte veker er talet langt høgare. Bruken av den populære toppen til rekreasjon har auka markant.

På ein god dag går det raskt meir enn 200 personar på Brandsøyåsen. Mange nyttar stien frå Torvmyrane, man alle dei andre stiane opp vert også mykje brukt og er tydeleg prega av stor slitasje. Dette fører til lause plankar, steinar, stokkar og knekte røter som aukar faren for fall og skadar. Mange tek også asfaltvegen opp. Dette er paradoksalt nok langt tryggare.

Knut Julnes som har gitt 20 000 kr til stien, er overtydd om at ein god grussti frå Torvmyrane og opp til toppen er det einaste som duger. - Stien må vere tørr å gå på. Vippeplankar og gjørme er det lite meining i. Her er sikkert mange meiningar, men eg ser ikkje for meg noko anna materiale som er betre eigna enn grus, seier Julnes.