Under Åsen Opp 2006 vart det sett løyperekordar for både herrar og damer. Arve Rindal frå Nordfjordeid sprang inn på 14.36, medan Norunn Stavø frå Florø klokka inn 17.42.
Norunn Stavø tok også tredje nappet i Firdaposten vandrepokal som ho dermed fekk til odel og eige. Arve Rindal tok sitt første napp i herrepokalen. Frå før av har Magnus Sundal frå Nordalsfjord/Florø og Jan Arve Solheim frå Florø kvart sitt napp i denne frå før.
Det var eit fantastisk fint løpsvêr denne junidagen, og tørre løyper – noko som nok bidrog til dei sterke tidene. Det er ikkje sikkert det vert så lett å slå dei nye løyperekordane med det første.
Alt i alt var det 142 registrerte betalande på Åsen Opp 2006. Det er om lag same deltakartalet det har vore dei første gongane løpet har vore arrangert. Med alle turgåarane som fann vegen opp var det kring 200 på toppen under løpet.
Av andre sterke tider frå 2006 kan vi nemne Malene Indrebø Langlo som i klassen 12 til 15 år sprang på sterke 19.24, og Ole Henrik Bjørnseth som sprang på 15.56.
Men som alltid, det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta. Særleg i eit trivsels-løp som dette der hovudmålet er fokus på stien og få rusta opp denne, og bruk av naturen til rekreasjon og mosjon.
|