Friidrett :
Arrangement :
Grupper :
Aktuelt
Kristi Strømmen Kjerpeseth frå FT&IF - fantastisk sesong!


Media skriv dette om Kristi:

Firdaposten
Fem strake for Strømmen Kjerpeseth (16.09.2012)
Medaljeregn til florøjente (09.09.2012) 

NRK Sogn og Fjordane
Kristi knuste fem norske rekordar (16.09.2012)
Ho er ein heilt spesiell utøvar (10.09.2012)
Florøjente med historisk rekord (09.09.2012)
Kristi gjorde nesten reint bord (09.09.2012)

 
Øyvind tok NM-gull og bronse, sølv til Eivind

Oppslag i Firdaposten:

Gull til Øyvind på 400m HK
Sølv til Eivind, bronse til Øyvind

Eivind takkar for seg

Firda:
6 medaljar til Sogn og Fjordane første dag
3 medaljer til Sogn og Fjordane andre dag

NRK Sogn og Fjordane

Gull til Øyvind
Øyvind fekk si femte medalje
10 medaljer til Sogn og Fjordane

Alle resultat frå NM 2012

 
 
Fjord1 Ungdomsstemne 2. juni 2012 - resultat

Fjord1 Ungdomsstemnet 2. juni 2012 - alle resultat
 
FTIF med bronsemedalje i Stafett-NM-2012

alt
GLADE
GUTAR: Frå venstre Eivind Stavang, Jostein J. Fossøy, Øyvind S. Skjerpeset og Jonas Brandsøy.

Foto: Helga Reigstad

Fire gutar frå Florø sprang laurdag inn til ein sterk bronseplass under stafett-NM. – Steikje bra, meiner idrettsleiar i Florø.

Stafett-NM gjekk av stabelen på den nyopna stadion på Jessheim og fire gutar frå Florø viste der kva dei er gode for.
I konkurransen for menn senior 4 X 100 meter klinka dei til med tredjeplass.

– Dette synest eg var steikje bra. Det var ikkje akkurat forventa, men eg visste det kunne gå vegen, seier Rune Osa
som er leiar i friidrettsgruppa i Florø Turn og Idrettsforeining.

Eit stykke bak krinsrekorden

Gutane på laget var Jostein J Fossøy, Jonas Brandsøy, Øyvind S Kjerpeset og Eivind Stavang.

Med tida 43,16 var dei eit stykke bak krinsrekoden på distansen, den er frå førre sesong på 42,68. Vind på stadion
var truleg med på å gjere det vanskeleg å kome seg til mål med ei så god tid i dag.

Osa er uansett godt nøgd med prestasjonen.

– Dette var kjekt, det er fire gutar som presenterer bra jamt over, seier Osa.

– Dette har vi sikla på

Det er første gong i historia at Florø har teke medalje på 4X100 meter stafett, og Osa er stolt.

– Vi har sikla litt på ein medalje, og no har vi fire løparar som er kapable til å greie det. Det er steikje bra, seier han.

Og sjølv om laget altså ikkje klarte å slå krinsrekorden, er det nye sjansar for det om kort tid. 2. juni er det duka
for Hyunday Grand Prix Florø Friidrettsfestival, og dei fire får då sjansen til å imponere på heimebane.
Kilde: nrk.no

 
SFE har fornya avtalen med FTIF for 3 nye år
Floro-friidrettsfestival-bildeSFE2-2 

­­­­­­­­­­­­­­­­­Sogn og Fjordane Energi (SFE) har forlenga sponsoravtalen med friidrettsgruppa i Florø Turn for 3 nye år.  Her sponser SFE all vår aktivitet på barne og ungdomsidretten, i tillegg er dei med som sponsor på alle våre arrangement.

SFE legg og en bonus i potten på kr 10 000 til den utøvaren som eventuelt setter norsk rekord under
Hyundai Grand Prix Florø Friidrettsfestival som i år vert arrangert 2. juni.  Dei legg og en bonus på kr 5 000 for den utøvaren som setter norsk rekord på innendørsstemnet vårt.

-      SFE har hatt eit godt samarbeid med Florø Turn & Idrettsforening i fleire år allereie. Og vi er imponert over det klubben har fått til, mellom anna med svært profesjonell gjennomføring av fleire større arrangement, og gode resultat som følgje av ein medviten talentutvikling over mange år. Vi gledar oss derfor til å følgje klubben tett i tre nye år, seier kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim i SFE.

Friidrettsgruppa er svært glad for at SFE støtter lokalsamfunnet på denne måten. Samtidig oppmoder vi alle våre medlemmer om å støtte opp om våre samarbeidspartnere!

 
«StartForrige1234NesteSiste»

Side 3 av 4