Florø Maraton Rett Vest:
Arrangement :
Grupper :
Praktiske opplysningar Florø Maraton Rett Vest 2018 PDF Skriv ut
SFE-FMRV-2015-nylogo-190315-red2  Vert arrangert LAURDAG 21. APRIL 2018

  Florø Maraton Rett Vest er for mosjonistar på alle nivå, unge og gamle.

  Distansar/aldersgrenser/startpengar

  Alle løypene har start og mål på Florø stadion.
 

Distanse/øvelse Løype/trasé/rute Alder til 31/3 1/4-15/4 16/4-20/4  21/4
Maraton 195m + 5x400m + 4x10km over 17 år Nkr 300,- Nkr 450,- Nkr 500,- Nkr 600,-
Halvmaraton 297.5 m +2x400m +2x10km over 17 år Nkr 225,- Nkr 300,- Nkr 350,- Nkr 450,-
SFE-mila - 10 km (konk.) Tur-retur Stadion - Solheim over 12 år Nkr 150,- Nkr 200,- Nkr 250,- Nkr 350,-
SFE-mila - 10 km (mosjon) Tur-retur Stadion - Solheim over 12 år Nkr 100,- Nkr 130,- Nkr 150,- Nkr 200,-
ENGIE-5 km (konk.) Tur-retur Stadion - Krokane over 12 år Nkr 150,- Nkr 200,- Nkr 250,- Nkr 350,-
ENGIE-5 km (konk.) 13-15 Tur-retur Stadion - Krokane 13-15 år       Nkr 100,- Nkr 130,- Nkr 150,- NKr 250,-
ENGIE-5 km (mosjon) Tur-retur Stadion - Krokane over 12 år Nkr 100,- Nkr 130,- Nkr 150,- NKr 200,-
Barneløpet (ca. 2 km) Frå Stadion rundt Lisjeåsen under 12 år Nkr 50,- Nkr 70,- Nkr 80,- Nkr 100,-

Av praktiske årsaker vert påmelding til Barneløpet her stengt (på internett)
fredag kveld 20/4 kl. 21.00. Dette pga av problem med dette tidlegare på løpsdagen.
Det fordi at mange ville melde seg på like før start, og det vart STORE problem med kø
på grunn av dette. Derfor åpnar vi "manuell" påmelding (kr. 100) ved frammøte til Barneløpet,
frå laurdag morgon kl. 09.00 på Klubbhuset (sørvest av Florø stadion).

Friidrettstinget 2013 vedtok å innføre friidrettslisens for alle friidrettsarrangement i regi av klubbar i Norges Friidrettsforbund frå 01.01.2014, for alle mellom 13 og 80 år. Les meir om det her (link til friidrett.no).

Derfor må alle over 13 år, og under 80 år, betale startlisens, enten ved å betale heilårslisens på førehand,
eller ved å betale eingongslisens ved påmelding.
Eingongslinsen er kr. 30 for 5km og 10km, og kr 40 for 21 km og 42 km.
Dette vert - i tillegg til eit gebyr på kr. 15 - lagt til dei vanlege startpengane før ein kan fullføre påmelding.
Det gjeld berre for dei som er 13 år og eldre.

Rabatt for startkontingenten:

KONDIS-medlemmar: for 42 km og 21 km kr 80,- kan trekkjast ifrå.
KONDIS-medlemmar: for 10 km og 5 km kr 40,- kan trekkjast ifrå.
 
Tidtaking med tidtakingsbrikker

Alle som deltek i konkurranseklassane skal ha på seg ei EmiTag-brikke/chip (klikk for bilde). Denne skal festast med medfølgjande borrelåsband rundt eine armen. Den vert samla inn straks etter målpassering.
Mista eller ødelagt Emitag-brikke må erstattast.
Underveis i løpet vert det automatisk registrert mellomtider to plassar, vendepunkt for 10km-sløyfa og like før mål. OG det vert automatisk registrering av slutt-tid ved målpassering. Og mellom-tidene og sluttidene vert automitisk lagt ut på EQtiming si heimeside.

Kontaktpersonar:

Stemnesjef:
Oddvar Kjell Grotle,
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
97158513 (mobil).

Informasjon om påmelding:
Oddvar Kjell Grotle, Keilevegen 29,
6900 FLORØ
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
97158513 / 57743008 / 57746142

 

Tidsskjema - Laurdag 21. april
kl.09.00 - 13.30 Utdeling av startnummer i Klubbhuset v/stadion
kl.11.00 Start Maraton på stadion
kl.12.00 Start Barneløpet på stadion (2 km, rundt Lisjeåsen)
kl.13.00 Start Halvmaraton på stadion
kl.13.30 Start SFE-mila 10km på stadion
kl.13.45 Start ENGIE-5km på stadion
kl.15.00

Premieutdeling for alle distansar,
i rekkefølgja 5km - 10 km - halvmaraton - maraton
Også utdeling til 30-, 25-, 20-, 15-, og 10-årsjubilantar.

Klasser
Maraton
5-årsklassar

Kvinner/menn 17-20år, 21-34, 35-39, 40-44, 45-49 osv.

Halvmaraton
5-årsklassar

Kvinner/menn 17-20år, 21-34, 35-39, 40-44, 45-49 osv.

SFE-Mila 10 km
10-årsklassar

Kvinner/menn 12-16år, 17-20, 21-29, 30-39, 40-49 osv.

SFE-Mila 10 km mosjon

TRIMKLASSE utan tidtaking - over 12 år (fødde 2004 og eldre).

ENGIE-5 km
10-årsklassar
Kvinner/menn 12-13år, 14-15, 16-17, 18-20, 21-29, 30-39 osv.
ENGIE-5 km
mosjon
TRIMKLASSE utan tidtaking - over 12 år (fødde 2004 og eldre).

Barne-
løpet, 2 km

Utan tidtaking. For dei under 12 år - fødde 2005 og yngre.

Premiering

Deltakarmedalje til alle som fullfører. Eigen 30-års-, 25-års, 20-års-, 15-års premie, og Rett Vest-gnomen til 10-årsjubilantar.

Ekstrapremie til beste mann og beste kvinne på alle distansar.

Premiering i konkurranseklassane:
1.-3. plass for dei yngste, opp til 20 år,
deretter kun 1. premie.

OBS!!
Uavhenta premiar vert ikkje ettersende.

 
Praktiske opplysningar


Premieutdeling for alle distansar,
i rekkefølgja 5km - 10 km - halvmaraton og maraton
Også utdeling til 30-, 25-, 20-, 15-, og 10-årsjubilantar. 

For Maraton.
Vi ber dei som reknar med å bruke meir enn 4,5 (fire og ein halv) timar på maraton, send epost om det til
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen , eller meld frå på anna måte på førehand, t.d. ringe til stemneleiar Oddvar Grotle, mobil 97158513. Dei får då starte 1-2 timar før (før kl. 11.00).