Florø Maraton Rett Vest:
Arrangement :
Grupper :

  • An Image Slideshow
  • An Image Slideshow



SFE-FMRV-2017-grabak-red

Vi har for 36. gong gleda av å invitere til løpsfest i FLORØ.

Gjer som mange andre, kom og møt våren Florø!

Florø Maraton Rett Vest er for mosjonistar på alle nivå, unge og gamle.
Som vanleg har vi deltakarmedalje til alle og fine premiar uttrekt på startnummer.

Besøk oss også på facebook_logo

Traséane har dei siste åra - på grunn av vegarbeide - vore varierande.
Men frå 2017 kan vi presentere ein permanent trasé, som er heilt ny.
Kart som viser traséane kan du sjå her og her (Google Maps)

Florø Maraton Rett Vest er med i KONDIS si kvalitetsløpsordning.

Konkurranseløparane skal ha på seg ein chip,
ein såkalla EMItag, som fører til at ein vert automatisk registrert ved passering av mål.
Denne skal festast rundt eine armen/foten med medfølgjande borrelåsband. Elles vert det
også automatisk registrering ved passering av vendepunktet for 10km-sløyfa, og litt før innkomsten til stadion.

Det må betalast deltakarlisens for alle over 12år som deltek i mosjonsløp.
Dette vart bestemt av Friidrettstinget 2013 (sjå meir om dette på infosida).

Vi har følgjande distansar (sjå løypene på Google Maps):

 11:00        Maraton 5x400m+195m først + 4 x 10km over 17 år 
 13:00 Halvmaraton  2x400m+297,5m først, + 2 x 10km over 17 år
 13:30 SFE-mila - 10km Tur-retur Stadion - Solheim over 12 år 
 13:45 ENGIE-5km Tur-retur Stadion - Krokane
over 12 år 
 12:00 Barneløpet (ca. 2km)     Frå Stadion rundt Lisjeåsen under 12 år

Les her om korleis Florø Maraton Rett Vest vart til i 1982.