Friidrett :
Arrangement :
Grupper :
FTIF med bronsemedalje i Stafett-NM-2012

alt
GLADE
GUTAR: Frå venstre Eivind Stavang, Jostein J. Fossøy, Øyvind S. Skjerpeset og Jonas Brandsøy.

Foto: Helga Reigstad

Fire gutar frå Florø sprang laurdag inn til ein sterk bronseplass under stafett-NM. – Steikje bra, meiner idrettsleiar i Florø.

Stafett-NM gjekk av stabelen på den nyopna stadion på Jessheim og fire gutar frå Florø viste der kva dei er gode for.
I konkurransen for menn senior 4 X 100 meter klinka dei til med tredjeplass.

– Dette synest eg var steikje bra. Det var ikkje akkurat forventa, men eg visste det kunne gå vegen, seier Rune Osa
som er leiar i friidrettsgruppa i Florø Turn og Idrettsforeining.

Eit stykke bak krinsrekorden

Gutane på laget var Jostein J Fossøy, Jonas Brandsøy, Øyvind S Kjerpeset og Eivind Stavang.

Med tida 43,16 var dei eit stykke bak krinsrekoden på distansen, den er frå førre sesong på 42,68. Vind på stadion
var truleg med på å gjere det vanskeleg å kome seg til mål med ei så god tid i dag.

Osa er uansett godt nøgd med prestasjonen.

– Dette var kjekt, det er fire gutar som presenterer bra jamt over, seier Osa.

– Dette har vi sikla på

Det er første gong i historia at Florø har teke medalje på 4X100 meter stafett, og Osa er stolt.

– Vi har sikla litt på ein medalje, og no har vi fire løparar som er kapable til å greie det. Det er steikje bra, seier han.

Og sjølv om laget altså ikkje klarte å slå krinsrekorden, er det nye sjansar for det om kort tid. 2. juni er det duka
for Hyunday Grand Prix Florø Friidrettsfestival, og dei fire får då sjansen til å imponere på heimebane.
Kilde: nrk.no