Friidrett :
Arrangement :
Grupper :
Fjord1 signerer med FTIF

Fjord1 har utvida avtalen med Florø T&IF og blir hovudsponsor. Dei blir også profilsponsor for Florø Indoor.
Kontrakten strekk seg over tre år og inneheld direkte støtte til dei nasjonale arrangementa dei neste tre åra.
Inkluderer to talentstipend kvart år og ei samarbeidsavtale for å inspirere Fjord1-tilsette til betre fysisk helse.

FLORØ: Sponsoravtalar er ikkje lenger kva dei var. No heiter det samarbeidsavtalar, og i den treårige kontrakten FT&IF har signert med Fjord1 skal sjøfolket bli inspirert til å betre sin eigne fysiske form.

Konsernsjefen i Fjord1 var laurdag å sjå i Dagens Næringsliv der han saman med tidlegare langrennsløpar Kari Uglem og gravejournalisten Arne O. Holm var testperson på friskvernklinikken i Asker. Dei gjennomførte ei kapasitetsanalyse som avslører den fysisk forma og ikkje berre kondisjonen. For Øverland er ein konserndirektør som veit det å halde seg i god fysisk form har stor verdi. Sjølv er han meir enn gjennomsnittet oppteken av trening og var også blant dei 16.500 som gjekk Birken i år. Men det testen i DN avslørte var at fysisk form handlar om meir enn kondisjonstrening.
– Det har eg gløymt, fortalde Øverland til næringslivsavisa.

Gi og få
Om det er denne haldninga som ligg til grunn for den nye samarbeidsavtalen med Florø Turn og Idrettsforening vitast ikkje, men måndag skreiv Øverland under ei treårig avtale med Florøklubben som har i seg eit forsøk på å betre den fysiske helsa til dei som jobbar i konsernet. Fjord1 som har støtta Florø Turn og IF gjennom mange år har no utvida avtalen og blitt ny hovudsponsor. Avtalen skal bidra til rekruttering og vekst for FT&IF gjennom det årlege treningsarbeidet i tillegg til å sikre dei nasjonale arrangementa. Desse har sett Florø på kartet og er blitt opningsstemnet kor dei dei nasjonale toppane møter internasjonal konkurranse i starten på friidrettssesongen.

 Lokalt og langsiktig
 – Vi utvidar no samarbeidet med ein avtale som støttar lokale talent gjennom eit årleg stipend og ein avtale der FT&IF vil vere med å inspirere tilsette gjennom eigne aktivitetar, seier konsernsjef Leif Øverland. – Helse og prestasjon heng tett i hop, i arbeidslivet og elles, legg han til. Timingen med signeringa av den nye avtalen heng også i hop med at Fylkesbaatane og Fjord1 no skal slåast saman til eit felles selskap. Både hovudkontoret og reiarlaget byggjast opp lokalt. Då landa Fjord1 på FT&IF. Ein liten klubb på Vestlandet som har lukkast å markere seg både som utøvar og arrangørklubb på ein nasjonal arena. Fjord1 som er marknadsleiar på gassdriven framdriftsteknologi såg her mogelegheit til å bli profilert nasjonalt i tillegg til at dei er lokalt forankra i støtta.

«Helse og trivsel heng tett i hop, i arbeidslivet og elles»
Konsernsjef i Fjord1 Leif Øverland.
 

Kilde: Firdaposten