![]() |
|
|
Velkommen til Åsen Opp i Florø laurdag 22. mai 2010 "JUBILEUMSLØPET" - FLORØ 150 år
Løpsdagen tek vi i mot påmelding ved frammøte på Krokane skule frå kl. 11.00, men vi oppmodar alle i konkurranseklassen til å melde seg på før løpsdagen. Dette fordi det skal verte sett opp startrekkefølgje. Dei som melder seg på i konkurranseklassa på løpsdagen startar til slutt.
Startpengar
Tidsskjema Klasser, kvinner og menn
På toppen vert det premieutdeling samt sal av vaflar, pølse og drikke. Vert det dårleg vêr vert det premieutdeling på Krokane skule kl. 18.00 Hugs gode sko: Løpet er 2,6 km langt, og du skal opp totalt 270 høgdemeter. Løpet går i skogsterreng på til dels opparbeidd sti, som vekslar mellom grus, jord, myr, steinar, fjell, treplankar og røter. Gode sko er VIKTIG. Frå toppen og fleire stader undervegs opp er det fantastisk utsikt over Florø, havet og øyar med skjergard. Rekordar og Firdapostens vandrepokal Arve Rindal frå Nordfjordeid har løyperekorden for menn på 14.36, medan Merete Helgheim frå Deknepollen har bestetida for kvinner på 16.23. I Firdaposten sin vandrepokal i tinn har Jan Arve Solheim eitt napp i herrepokalen, medan Norunn Stavø har eitt og Merete Helgheim to i den andre. Fyrste mann / kvinne med tre napp i vandrepokalane vinn den til odel og eige.
Skifteklede og garderobe:
Har du fleire spørsmål?
|
![]() |