Velkommen til Åsen Opp i Florø laurdag 22. mai 2010

"JUBILEUMSLØPET" - FLORØ 150 år

Resultatliste Åsen Opp 2010

For sjuande gong vert FLOTTASTE MOSJONSLØPET i Florø og einaste terrengløpet i kommunen arrangert. I år vert det ”jubileumsmedaljar” med løpslogo og ”Florø 150 år” til alle deltakarar. Flotte premiar vert trekt på startnummer. Løpet vert òg rimelegare enn det har vore dei siste åra.

Løpsdagen tek vi i mot påmelding ved frammøte på Krokane skule frå kl. 11.00, men vi oppmodar alle i konkurranseklassen til å melde seg på før løpsdagen. Dette fordi det skal verte sett opp startrekkefølgje.

Dei som melder seg på i konkurranseklassa på løpsdagen startar til slutt.

Startpengar
50 kr for born under 12 år. 150 kr for ungdom og vaksne og 300 for ein familie.

Tidsskjema
14.00 Mosjonsklasse fellesstart (frå Krokane skule)
15.00 Start konkurranseklasse (frå Krokane skule), individuell start med 30 sekund intervall mellom løparane. Dei antatt raskaste startar til slutt. Startrekkefølge vert sett opp om kvelden fredag.

Klasser, kvinner og menn

  • 12 - 15 år
  • 16 - 19 år
  • 20 - 39 år
  • 40 - 49 år
  • 50 - 59 år
  • 60 år og eldre
Kiosk og premieutdeling på toppen
På toppen vert det premieutdeling samt sal av vaflar, pølse og drikke. Vert det dårleg vêr vert det premieutdeling på Krokane skule kl. 18.00 Hugs gode sko: Løpet er 2,6 km langt, og du skal opp totalt 270 høgdemeter. Løpet går i skogsterreng på til dels opparbeidd sti, som vekslar mellom grus, jord, myr, steinar, fjell, treplankar og røter. Gode sko er VIKTIG. Frå toppen og fleire stader undervegs opp er det fantastisk utsikt over Florø, havet og øyar med skjergard. Rekordar og Firdapostens vandrepokal

Arve Rindal frå Nordfjordeid har løyperekorden for menn på 14.36, medan Merete Helgheim frå Deknepollen har bestetida for kvinner på 16.23. I Firdaposten sin vandrepokal i tinn har Jan Arve Solheim eitt napp i herrepokalen, medan Norunn Stavø har eitt og Merete Helgheim to i den andre. Fyrste mann / kvinne med tre napp i vandrepokalane vinn den til odel og eige.

Skifteklede og garderobe:
Skiftekle vert transportert opp til toppen med bil. På Krokane skule er det sekretariatet, tilgang til garderobe, stor parkeringsplass og nærbutikk. Startnummer hentar du på Krokane skule laurdag føremiddag. Lykke til!

Har du fleire spørsmål?
Kontakt Rune Osa på tlf: 91 10 12 60